Nkhotakota

 

Lisa, Espen og Gard reiste nordover til Nkhotakota for å starte et musikktilbud for ungdom ved Nkhotakota Cultural Centre. De skal reise hit en uke i måneden for å undervise i musikk.

http://www.youtube.com/watch?v=1PDhx-j95Bg

Lisa
Lisa

– Karmøydialekta mi er eit større handikap, eg er jo glad for at eg spelar blokkfløyte, ler ho. Frå fyrste stund slår Lisa deg som eit vesen av heil ved: ærleg, annleis og fargerik. Ho sit med hovudet litt på skakke, munnen er på gløtt når ho tenkjer.

– Eg byrja då me hadde blokkfløyte på barneskulen. Det var interessant å læra meir, eg hadde høyrt blokkfløytemusikk elles. Eg fann grepstabellar, spela meir. Fordi eg fekk det til, seier ho. Ho utstrålar ein tryggleik som smittar, blikket hennar fell til ro på deg. Men ho har heile livet vore på reisefot:

– Faren min er frå USA og reiste til Jemen med Peace Corps. Der arbeidde òg mor mi som jordmor, og dei vart kjærastar. Eldste broren min vart fødd i Nederland, der mor mi kjem frå. Dei hadde planlagt å få meg i Jemen, men det viste seg at eg kom før, så eg vart fødd i ei hytte før dei undervegs.

– Du skal vera med på eit friviljug engasjement over ni månader i Malawi, er du idealist eller berre interessert?

– For det fyrste så har eg sjølv lyst til å dra på eventyr, læra noko nytt. Eg har lært mykje om landet og er skikkeleg gira på å reisa ned og gjera noko og læra noko.

– Kva trur du kjem til å endra seg etter opphaldet i Malawi?

– Eg vonar å få større perspektiv på livet, ikkje ta alt for gitt, ikkje vera så sjukt high maintenance. Eg håpar òg at eg tør å kasta meg ut på område der eg kjenner meg veldig utrygg førebels: improvisasjon og rytmisk musikk. Eg vil dessutan verta meir sjølvstendig.

– Du verkar jo allereie veldig sjølvstendig?

– Jo då, men eg merkar at det alltid må vera ein person i livet som eg føler meg trygg på. Eg hadde vore dritredd om ikkje eg reiste ned med dykk. Men eg hadde skikkeleg sommarfuglar i magen då eg sat på flybussen og skulle møta dei andre. Kom dette til å gå bra?

– Kva set kjærasten din mest pris på hjå deg?

– Ja, sei det? Ho ler, ser til sida. Humoren min, kanskje? At eg ikkje tek livet så seriøst, og meg så sjølvhøgtideleg. Eg kan tulla dagen lang, kjekt å vera med meg for det vert det ikkje kjedeleg.

Ho set blikket i meg og ler:

– Dersom du skriv ned alt dette no, så må eg få lesa gjennom teksten din, slår ho fast. Eg nikkar med eit lurt smil, lagrar dokumentet og pakkar saman. Skal sjå Lisa vert den fremste improviserande blokkfløytisten Noreg har sett.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *