Musikalsk utveksling

 
 

Reisebrev fra den 51. German-Scandinavian Musicweek i Scheersberg.

 

Laurdag var fyrste dagen, med oppmøte på ettermiddagen. Det heile opna med ein flott opningsfest. Kvart einskild land skulle presentere seg sjølva med eit kulturelt innslag. Dette var både underhaldande og humoristisk, men òg noko lærerikt. Etter å ha blitt kjend med deltakarar frå alle dei forksjellige landa, var det klart for folkedans. Etter ”learning-by-doing-metoden”, blei vi fort introdusert for mange forskjellige dansar frå forskjellige stader i Europa. For meg er folkedansen på Scheerberg ein fantastisk måte å komme i kontakt med menneskjer frå andre kulturar på. Etter folkedansen var det sosialt samvær i baren der det var mogleg å bli enda betre kjend med deltakarar frå dei forskjellige landa. I det heile var det ei heilt spesiell stemning som blei satt denne kvelden. I ”Scheersberg-bobla” samlast unge menneskjer med ein felles lidenskap, men forskjellig bakgrunn, og lærer av kvarandre i eit fantastisk, unikt, skapande miljø.

 

Frå og med søndag, bestod dagane for det meste av gruppeøvingar, tuttiprøver for orkester, i tillegg til diverse sosiale aktivitetar på kvelden, som til dømes folkedans.

 

Blant anna, hadde vi to huskonsertar. Tysdag og torsdag er, som tradisjonen tilseier, kveldane for huskonsert. Eg spelte med  både slagverkensemble og messingensemble på begge konsertane. Det eg likar spesielt godt med desse konsertane, er den avslappa stemninga kombinert med eit høgt nivå frå utøvarar som er musikkstudentar, utøvande musikarar og andre musikkelskarar. Dette er óg ein flott arena for å bli kjend med repetoar frå andre europeiske land, og høyre historier og få lærdom om komponistar frå musikarar frå heimlandet til den aktuelle komponisten.

 

Dei to konsertane vi hadde, var det vi heile tida jobba fram mot, og var sjølvsagt av høgdepunkta frå turen.  Til høgre er storparten av dei norske deltakarane, fotografert rett etter den siste konserten i Scheersberg.

 

Scheersberg er først og fremst eit musikkurs, og eg har fått eit stort musikalsk utbytte av denne turen. Å få lov til å spele under leiing av Rolf Gupta, har vore ei ære. Han har eit stort namn, og eg er veldig glad for at eg fekk erfare kvifor han har fått eit så godt rykte. Ensemblemusikk med veldig dyktige musikarar og musikkstudentar, er òg noko som er veldig lærerikt. Atmosfæren rundt det musikalske er veldig avslappa, samstundes som det blir jobba veldig profesjonelt med musikken. Den kombinasjonen er unik, og passar perfekt for settinga i Scheersberg.

 

Samstundes vil eg seie at musikken ikkje er grunnsteinen i Scheersberg. Musikken er det vi gjer, men under dette ligg det noko anna. Heile Scheersberg-kulturen er fundert på mellommenneskeleg aksept og kontakt. Gleda av å kunne skape noko saman er det som sveisar oss saman, og som gjer dette til dei ti beste dagane i året. Om det er snakk song, musikk, dansing eller diskusjonar om alt frå kultur til religion, så er fundamentet der, og gjer heile opphaldet til noko heilt spesielt.

 

 

Torgrim Halse

Ridabu, 16. april

sofie
sofie

Sofie er prosjektleder i JM Norway.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *